Ein smak av Hardanger - på seglas med “Mathilde”

Norway
Ei innhaldsrik helg med noko av det beste Hardanger har å by på. Ei reise med stort spenn, frå eit seglskutedekk på Mathilde til mjuke senger på Utne hotel. Undervegs vert det smakfulle opplevingar, historisk sus og storslått natur.

Occasions

Sunday
Monday
Tuesday
Wednesday
Thursday
Friday
Saturday
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
00:00 - 00:00
18
00:00 - 00:00
19
00:00 - 00:00
20
00:00 - 00:00
21
00:00 - 00:00
22
00:00 - 00:00
23
00:00 - 00:00
24
00:00 - 00:00
25
00:00 - 00:00
26
00:00 - 00:00
27
00:00 - 00:00
28
00:00 - 00:00
29
00:00 - 00:00
30
00:00 - 00:00
1
2
3
4
5

Good to know

Prices from
12900 NOK

Description

  • Start: Norheimsund 13. juni kl. 16.
  • Slutt: Norheimsund 15. juni kl. 14.
  • Varigheit: 13. – 15. juni 2025 (2 overnattingar, 3 dagar)
  • Transport: Buss eller eigen bil. Med bil er det ca. ein times køyring frå Bergen til Norheimsund og det er mogleg å parkere på Hardanger fartøyvernsenter. Det går også buss, sjå skyss.no for rutetider.
  • Adresse: Hardanger fartøyvernsenter, Sandvenvegen 50.


Inkludert:

  • Segltur med hardangerjakta «Mathilde» med erfarent mannskap om bord.
  • Innføring i segling, historisk sjømannskap og navigering med kart.
  • Alle måltid. Middag, frukost og lunsj om bord «Mathilde», lunsj på Aga sideri, 5-retters middag og frukost på Utne Hotel.
  • Sidersmaking på Aga sideri.
  • Omvising i Agatunet.
  • Overnatting om bord «Mathilde» og på Utne hotel.
  • Rundtur på Hardangerfjorden, frå Norheimsund til Aga og tilbake.
  • Ei unik og eksotisk norsk ferieoppleving med sterk lokal forankring.


Om dei ulike aktørane

Hardangerjakta «Mathilde» vart bygd i Ølve i Hardanger i 1884. Ho er bygd i tre og har naturfiber både i tauverk og segl. Ho har mannskap beståande av skipper, bestmann, kokk og matros. Det er eit sjøvant mannskap som står for tryggleik og trivsel om bord, og er klare for å visa deg korleis ein seglar ei skute frå 1800-talet!

Aga sideri er kjent for sin prisvinnande sider, laga med lokale råvarer. På turen vil du verte invitert inn på garden der sideren vert produsert og læra om prosessen frå treet til glaset.

Agatunet er eit autentisk mellomaldertun som gir deg innblikk i historia til regionen og rettshistoria til Noreg. Eit av høgdepunkta er Lagmannsstova, landet eldste rettslokale, bygd heilt tilbake i 1220.

Utne Hotel er Noregs eldste freda trehotell som kontinuerleg har vore i drift sidan 1722. Her skal du bu på eit av dei historiske romma og nyte ein 5-rettars middag laga på lokale råvarer.

Location

© OpenStreetMap contributors.

Build: 6/12/2025 3:09:10 PM, Host: CBONLINEBOTS01, DB: o3.cbguide-9105.cbischannel-41083.v1 cbraven02.visitgroup.com:8080, Controller: Todo, Action: showdetails